10.klassane er på veg til Krakow med «Aktiv Fredsreiser». Dei kjem til å senda daglege rapportar om turen. Laurdag var det Anne-Margrethe og Erik som skreiv.

-I dag, laurdag, reiste me frå Fitjar klokka 05.10.

Alle møtte opp, og alle rakk bussen i tide, sjølv om alle såg noko trøytte ut. Me fekk to store bussar, medan den eine er den faste me skal ha heile veka, var den andre berre midlertidig, og vart bytta ut i Oslo.

Langs vegen hadde me to stopp, ein på 15 minutt i Røldal, og ein lengre pause på 30 minutt i Vinje. Me rakk ferja, og alle gjekk ombord og fekk lugarane sine. Dei fleste låg på 4-mannsrom, og elevane låg ein plass, og foreldra ein annan plass.
 
Etter å ha funne romma våre fekk me utforske den store ferja, før me hadde eit informasjonsmøte kl 15.00.

Informasjonsmøtet vart halde av ein av personalet som informerte om reglane på ferja, og som kommenterte at sjeldan hadde det vore ei gruppe med nesten like mange foreldre som elevar!
 
Før kveldsbuffèen fekk alle lov til å gjere kva dei ville, anten det var å shoppe, gå i badeland eller berre slappe av og utforske ferja litt meir.
 
Kl. 17.30 skal me ha kveldsbuffèt, før det vert disco for oss ungdommar, noko me gledar oss til!
 
Anne-Margrethe og Erik.