Både gutar og jenter er no på veg heim att etter at gutane i ettermiddag tapte kvartfinalen i Sommarland Cup.

Jentene kom seg ikkje vidare frå puljespelet, etter to uavgjorte kampar og eitt tap. Men gutane vann sin kamp mot Donn søndag føremiddag med 2-0. Dermed kom dei på 2. plass i puljen sin. 

I kvartfinalen møtte dei Gjerpen 1, som viste seg å vera eit veldig godt lag. Før gutane frå Fitjar fekk sukk for seg, låg dei under 0-4. Men i andre omgang gjekk det litt betre, og dei klarte å redusera til 1-4 ved Johannes Myhre.

Trass tapet i kvartfinalen blir det rapportert om god stemning i troppen, både blant gutar og jenter. Dei er ventande heim i kveld i 22-tida, med mange gode opplevingar i bagasjen.

På heimesida til Sommarland Cup vil me etter kvart kunna finna alle resultata frå turneringa.