Alle snakkar om ein sein vår, men det kjem seg etter kvart.

Dei siste dagane har me sett at bjørka sprett på lune plassar og markblomar lyser mot oss. Løvetann har ei eiga evne til å stikke seg fram. Vakker er han, men ikkje så velkommen i hagen. Kusymra står og i blomst, men den har det blitt færre av dei siste åra.

Ein fotorunde i skog og mark viser at langvarig barfrost har sett spor etter seg. Blåbærlyngen er brun og tørr mange stader. Det same ser ein på brakje og fleire buskar i hagen. Mange rhododendron skulle blomstra no. Nokon har teke skade i vinter, medan andre kjem seinare enn vanleg. Men sol og høgare temperatur skaper fort endringar i naturen. Det høver med eit songvers av Elias Blix: No livnar det i lundar, no lauvast det i li. Den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Bileta vert større når du trykkjer nederst i h. hjørne.