God stemning i bussen. Foto: Harald Johan Sandvik

Kvart år innbyr nemnda til tur, og denne gongen var målet Tønnegarden i Fusa.

Av: Harald Johan Sandvik

Måndag 29. april var datoen for vårturen til soknerådet si diakoninemnd. 39 personar tok ferja frå Sandvikvåg, og steig på den innleigde bussen på Halhjem. Målet var Tønnegarden på Holmefjord i Fusa. Då bussjåføren, Lillian Berge,  presenterte seg, kunne ho fortelja at mor hennar var frå Osterneset: Kirsten, eldste dotter til Kitty og Stein Gloppen! Det var ekstra kjekt!

Fusa ligg ikkje midt i vegen for oss frå Fitjar, og ikkje alle turdeltakarane hadde vore der i det heile. Hallvard Wiik var reiseleiar, og han fortalde medan me køyrde forbi Framo Fusa AS på Venjaneset, Øpstad med den gamle postvegen mellom Bergen og Stavanger, Fusa sentrum, Bergegrend og Eikelandsosen. Han hadde også fora seg godt opp med gode historiar som han delte villig med oss.

Snart var me på Tønnegarden, der me vart godt mottekne av vertskapet, Kari og Jostein Gangstø. Dei fortalde om drifta si. Jostein er fjerde generasjon bøkker, det er yrkestittelen til ein som lagar tretønner. Tidlegare laga dei tønner i nesten alle sjøhus her på Bogøy-halvøya, men no er det berre tre igjen i heile Fusa. Dei hadde bygt nytt i 2012, kombinert tønnefabrikk og selskapslokale med godt kjøken. Catering var også ein viktig del av den totale pakken, saman med gardsdrift med mjølk- og kjøttproduksjon. Dei hadde med seg ei dotter på heiltid og ein son på deltid.

Stavane må jamnast. Foto: Harald Johan Sandvik

No fekk me servert middag: Heimelaga kjøttkaker av vestlandsk fjordfe og hjort. Det var svært velsmakande! Så fekk me omvising i fotoutstillinga som synte historia til garden, og i tønnefabrikken fekk me følgja heile produksjonen. Det starta med pussing av stav, oppsetjing av stav i ein spesiell ring, varming av heile tønna, fresing av spor til lok og botn før han slo desse på plass. Så monterte han dei fire tønnebanda før heile tønna vart sett i ein pussemaskin for å få ei jamn og flott utside. No gjekk alt med effektive maskinar, men han synte oss også dei gamle, manuelle arbeidsoperasjonane, mellom anna det å laga tønneband av hassel, hatleband. Det var det dei brukte i gamle dagar. Då programmet «Anno» gjekk på TV, var Jostein oldermann for bøkkerfaget.

Me fekk kaffi og kaker medan Roald Drønen heldt andakt. Han hadde vore ute på bakken og henta markblomar, og minna oss om Jesu ord i Bergpreika, Matt. 6, 28-29: «Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje , men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei!» Skaparverket fornyar seg i rett tid! Sjå på fargane og alt det vakre! Dette er til trøyst for oss, som gjerne tar suter på forskot! Medan Roald tala, sat me og såg ut på den frodige naturen og opplevde at slik er Bibelen sine ord like aktuelle for oss no i 2019!

Roald held andakt. Foto: Harald Johan Sandvik

Så gjekk me i bussen igjen og køyrde rett til Halhjem via Tysse og Hegglandsdalen. Ferja kom straks, men det var ikkje berre å gå om bord. Fallemmen på ferja gjekk ikkje ned, og det var hektisk aktivitet om bord. Dei plukka deler frå den andre enden av ferja og fekk det til.

På turen over fjorden stilte komiteen opp med frukt og resten av kakene. Det vart ein festleg avslutning på ein vellukka dag. Hjarteleg takk til diakoninemnda for eit flott arrangement!