Tysdag 5. juni inviterte fadderklassen (5. kl.) på Rimbareid barne- og ungdomsskule alle førsteklassingane til Synningjo.

Det etter kvart godt kjende området i Synningjo på Fitjar har nok ein gong husa ein glad gjeng med vaksne og born.

Dagen starta med at himmelen sine sluser opna seg. «Det regnar men kva gjer vel det». Vi skulle til Synningjo. Femte klasse venta på oss. Dei hadde sykla ut først for å gjera i stand området. Så kom vi med standsmessig transport.

Stemninga var sett. Vilde frå femte klasse ønskte oss velkommen og forklarte oss kva me skulle få vera med på. Så starta det. «Tretikken», «Fisken i det raude hav», «Ein, to, tre rødt lys» og å gå på stylter var aktivitetar femteklassingane hadde gjort i stand til oss. Vidare fekk me vera med på fleire spel og tautrekking. Høgdepunktet var nok når alle elevane klarte å vinne over dei vaksne i tautrekkinga. Jentene vann for øvrig over gutane også. Kan forstå at stemninga var litt meir delt i kor kjekt det var. 

Etter ein lang aktiv dag måtte alle ha litt mat. Grilling på bålpanna var topp, og med vaflar nok til alle etterpå. Det var berre eitt vaffelhjarte igjen når vi skulle rydde saman, og brått var det òg borte. Tidsskjemaet var fullt. Ingen tid til å kvile seg når ein er på tur med femteklasse.

Me avslutta dagen med «politi og røvar». Og tenk det var heile to små fengselshus. Kjempemoro hadde me det. Ja, kva gjer det om det regnar når me har det kjekt i lag.

Stor takk til alle som var med på å gjera denne dagen til det han vart: Femteklasse, foreldre, små søsken, lærarar og vårt eige gode humør. Og kanskje hadde me sola litt med oss likevel i form av ein liten babybror!