Ragnhild Prestbø og Ingrid Hovstad på stand for Fitjar Mållag.

Laurdag føremiddag stod Ingrid Hovstad og Ragnhild Prestbø på stand for Fitjar Mållag. Dei hadde med seg kaffi og kjeks til forbipasserande.

– Me prøver å få fleire medlemmer til Fitjar Mållag, seier dei to jentene.

Laget starta opp i haust, og har ikkje hatt så mykje aktivitet enno, men dei har mange spennande planar for året. Blant anna har dei invitert Hege Myklebust til å snakka om doktorgraden sin, om korleis ein skriv etter kva lesarar ein forventar.

– Me har også planar om forfattarbesøk, kviss og meir uformelle kveldar der me berre møtest til sosialt lag, fortel dei.

Jentene understrekar at dei synest at 15 medlemmar er for lite i eit mållag i ein nynorskkommune på 3200 menneske.

– Me reklamerer for årsmøtet vårt 25. februar. Her får me besøk av Magnar Kloster, som talar som skulehistorie og språk. Det gler me oss til! Det vert kl. 19 på Fitjar seniorsenter.

Jentene fortel at mange har stoppa opp.

– Det er kjekt at folk har tatt seg tid til ein kopp kaffi og ein liten prat med oss. Me trur me har fått eit par nye medlemmer i løpet av dagen!

- Annonse -