Fitjar Mekaniske Verksted var representert ved direktør Hugo Strand og fleire mellomleiarar under skipsdåp i Lofoten i går.

I tillegg til verftsdirektøren var prosjektleiar Geir Arne Isdahl, stålformann Torstein Vik og lager-/logistikksjef Stein Gunnar Halleråker med på den høgtidelege skipsdåpen i Svolvær. Det var fartøy nummer to i Kystverket sitt flåtefornyingsprogram, OV «Skomvær», som var «hovudperson» under seremonien i går .

OV «Skomvær» er bygg nr. 34 frå FMV, og Wärtsilä Ship Design har stått for design. Båten blei overlevert til Kystverket 11. juli, og i går, fredag 30. august, blei båten døypt av gudmor, fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen. Båten skal operera langs kysten på strekket Rørvik – Andfjorden.

Dette er andre båten Fitjar Mekaniske Verksted overleverer Kystverket. Fartøy nummer 1, OV «Utvær», blei overlevert i juli 2012, og har no operert i eitt år, hovudsakleg i området Eigersund – Stadt. OV «Utvær» har levert etter forventningane, og vist seg som ei god arbeidsplattform.
 
OV «Skomvær» er mykje lik forløparen. I hovudsak er forskjellen fleire lugarar, senka baughøgd og noko endra arrangement for hovudluke, bauglem og nødgeneratorrom.
 
Gudmora, fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen, døypte båten i strålande nordnorske omgivnader i Svolvær. Den stolte verftsdirektøren Hugo Strand kjem fra Andenes, og var såleis på «heimebane». Han fortalte om båten og det gode samarbeidet med Kystverket prosjektet igjennom.
 
Video av dåpen kan du sjå på nettutgåva til avisa Lofotposten.