Sukhwinder Koløen har vore på rekrutteringssamling med to karatejuniorar denne helga.

Dei to Fitjar-juniorane som fekk vera med på rekruttsamling i Bergen, var Rebecca Koløen og Morten Korsvik.

Vertskap for samlinga var JKA Norway i Bjørgvin Karateklubb sin dojo (treningslokale) i Fyllingsdalen.

Her fekk dei to ungdommane frå Fitjar møta 23 andre juniorar, og dei trena i to dagar under leiing av landslagssjef Jose dos Santos og tre landslagutøvarar.

Sukhwinder fortel at det ikkje var landslagsuttak enno; landslagssjefen ville berre sjå litt på stadarden til ungdommane. Kanskje får Fitjar-ungdommane høve til å gjestetrena med landslaget ei helg i mars.

Karatehelten frå Helland fortel elles at dei reiser til Bergen på Norges største treningssamling neste helg. Då kjem det tre instruktørar frå Japan, England og Norge.

Ingressbilete: Rebecca Koløen og Morten Korsvik i fint karateselskap i Bergen.