Kari Fykse Lie er nyleg komen heim etter ei stor, internasjonal rugbyturnering i Dubai.

Turneringa Emirates Dubai Rugby Sevens gjekk av stabelen helga som var, og dei norske landslagsjentene stilte som «Norwegian Vikingettes». Dei enda på 5.-plass etter tre sigrar og fire tap. Dei vann mot det russiske laget Moscow Dragons og to kampar mot Auc Wolves frå Egypt, medan det blei tap mot dei engelske laga Moody Cows, Predators og Pink Babas, og  The Mamas, eit samla lag frå ulike land.

Kari blir med rugbylandslagt for fullt vidare i forsøket på å kvalifisera seg for OL i Rio de Janeiro. Til neste sommar kan me få høve til å heia Kari fram mot det store OL-målet. 7.-8. juni går europameisterskapen i rugby går av stabelen i Bergen og gjeld som kvalifisering på vegen mot OL.

Landslagsjentene har laga ein video med førehandsomtale og god Bergens-reklame. Dei to som snakkar er Elisabeth Berentzen og lagkaptein Cathinka Walberg, og elles er det spelarar frå landslaget som er med på videoen. Du kan treffa dei norske rugbyjentene på YouTube.