8-klassingane er komne vel fram til Voss der dei skal vera på leirskule fram til fredag. Bortsett i frå eit trassig beinbrot har elevane hatt ein fin dag i bakkane.

Det går etter forholda bra med eleven som braut den eine foten, og han er i dei beste hender på sjukehuset på Voss der òg far hans er til stades.

Alle elevane kom seg elles opp i bakkane og har fått prøvt seg på slalåmski eller snøbrett. Me har allereie sett stor framgang og ser at dei vil læra mykje denne veka.

I dag var det noko kaldt i skuggen, men vêret er elles heilt strålande med gode føreforhold. Prognosane lovar svært bra for resten av veka òg.