Fitjar Skulekorps har innteke Musikkfestivalen i Calella og allereie vist solide prestasjonar på festivalscena. Fyldigare reportasje vil nok fylgja i tida som kjem, men ein liten stemningsrapport gjer nok ingen skade.

Reisa til Spania vart long (16 timar), men stemninga har frå første stund vore god. Musikkantane tèr seg som ”globetrottarar av første orden” og bidreg på det viset til at me lever i (palme)sus og (er)dus. Hotellet me bur på serverer fortreffeleg mat og har gode basseng-facillitetar. Her kan me lade opp til musikalske- og andre energikrevjande aktivitetar.

Allereie måndag kveld framførte korpset, leia av Svein Roger Koppang, konsertprogrammet i festivalteltet for eit stort og entusiastisk publikum. Tilsynelatande heilt fri for nerver leverte korpset musikalske prestasjonar me ikkje kan minnast å ha opplevd. Både solistar og korps elles gjorde oss som nøytrale tilskodarar svært stolte!

Tysdagen hadde me bussreise med guide i Barcelona der me fekk sjå og høyre mykje av det som kjenneteiknar denne stor-byen i Spania. For ein del av reisefylgjet var nok besøket på Barcelona sin fotballstadion Camp Nou høgdepunktet, medan andre hadde stor givnad av å ”shoppe” i handlegatene. Vel heime på hotellet bar det for mange til eit forfriskande bad på stranda som ligg like ved hotellet.

Onsdag er det parade, der festivalen sine 40 korps og grupper skal vise seg fram. – Men først skal me bade litt meir……