Med flotte 95 poeng kom Fitjar musikklag på 3. plass og dermed på pallen i Siddis i Stavanger sist helg. No ventar Marknaden.

– I SIDDIS vel ein sjølv kva divisjon ein vil stilla i, og det er ingen opprykk om du kjem høgt opp på resultatlista slik som i NM. Men i år vart me endeleg plassert på «pallen». Me er strålande fornøgde med 3. plass og 95 poeng i 4.divisjon, seier Kitty Træet til fitjarposten.no.

Sjå resultatlista over alle divisjoner på http://www.stavanger-brassband.no/siddis-brass/

– No ser me fram til å arrangera Marknad i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg torsdag 22. november. Då vert og Fitjar Skulekorps med. Me inviterer bygda til ei musikalsk oppleving med åresal, kaker, kaffi og drøs, seier Kitty til slutt.