Ingen bilar stod  parkerte ved kyrkja til messetid i dag.  Gudsteneste vart i staden halden i Øvrebygda bedehus. I dag var det presten sin tur til å bruka bilen på kyrkjeveg.

Sokneprest Olav Oma fortel at det årleg vert lagt to til tre gudstenester på kvart bedehus utanom sentrum. Denne ordninga har eksistert svært lenge, kanskje i meir enn 30 år, men tidlegare var det færre messer både i krinsane og i kyrkja. Alle andre søndagar og helgedagar kan ein høyre kyrkjeklokkene ringe og kalle til gudsteneste.

Opplegget for gudsteneste på bedehuset, eller preik som einskilde kallar det, følgjer den faste liturgien, og organist eller pianist er alltid på plass. Som oftast er det nattverd, men i ei forenkla ordning sidan bedehusa ikkje har altarring.

Gudsteneste på eit bedehus er også høgtideleg.  Men avstanden mellom prest og kyrkjelyd vert kortare og difor kjennest det meir uformelt. Soknepresten set pris på å treffe kyrkjelydsfolket på «heimebane», og det vert betre høve til å nå dei som ikkje har så lett for å kome seg til Fitjar kyrkje.

Mange hadde funne vegen til Øvrebygda i dag, men stundom er det god plass til fleire på bedehusa. Søndagen i dag vert kalla bots- og bededag og soknepresten tala over ein tekst frå Matteus 3, 7 – 12. A. Vinge var organist.