I helga deltok Fitjar Karate Senter på den største karatesamlinga i Noreg, saman med regjerande verdsmeister frå Japan og andre instruktørar frå øvste hylle.

Det er Bente Ringheim Koløen som fortel dette til Fitjarposten. Fitjar Karate Senter var med blant dei 400 deltakarane i Sandslihallen i Bergen under JKA Høstgasshuku 2013. Dette er årets største treningsleir i karate i Noreg 

Instruktørane kom frå øvste hylle. Ein rullerer, slik at alle får trena med dei ulike instruktørane. Det er svært å bli instruert av ein verdsmeister frå Japan og av landslagstrenarane frå Noreg og England. I tillegg var mange andre gode instruktørar med. Det blei òg arrangert landskamp mellom Norge-England, ein landskamp som Noreg vann.

Ei slik helg inneheld mye god trening, gradering og sosialt samvær. Til helga vert det arrangert eigen Barnegasshuku med vel 200 utøvarar i Bildøyhallen, Sotra.