I dag oppdaga me ein spurvehauk i nærleiken av fuglebrettet.

Tre – fire meter frå kjøkkenglaset har me ein foringsplass der småfuglane er ofte på besøk, og talrike er dei. Skikkeleg vinter med mykje snø og kulde fører gjerne til at småfuglane både svelt eller frys i hel. Det har gått med mykje solsikkefrø, talg og meisbollar denne vinteren.

Heller sjelden ser me rovfuglar nær foringsplassen. Hønsehauken svevar høgt over tretoppane av og til. Tidlegare i vinter kom musvåken flygande, men han overvintrar ofte sørover i Europa for no er det vanskeleg å finne smågnagarar.

Utruleg nok tok spurvehauken ei pause i bjørka tett attmed fuglebrettet i dag. Der sat han kanskje fem minuttar og speida vel etter ei fuglesteik. Me tok fleire bilete frå innsida av vindauga, men han forsvann då gangdøra vart opna.

Spurvehauken er ein av våre vanlegaste rovfuglar og han jaktar ofte i låg flukt slik at det er lett å gøyme seg i tre og buskar, og det var slik me såg han forsvinne i dag. «Vår» spurvehauk er ein av dei som ikkje flaug vekk i haust. Det er mange av denne arten som trekkjer til Danmark, Frankrike og Storbritannia.