Rett utanfor huset flaug skjorene att og fram.

To til tre meter frå husveggen flaksa skjorene med vengene og heldt eit fælt lurveleven.

Kva var på ferde tru ? På kanten av eit stort reir i bjørka sat ein katt. Han let seg ikkje skræme av sinte skjorer, men plutseleg bykste han ned. Kanskje han då fekk auga på fotografen?

Var det husrom eller mat katten ville ha ? Truleg det siste, men det lykkast ikkje denne gongen.