Tradisjonen tru har Fitjar IL fleire lag med i den store pinsefestivalen i handball på Stord.

Fitjarposten har ikkje fått med seg alle kampane der Fitjar har vore representert, men har hatt ein liten tur på kunstgraset på Vikahaugane i ettermiddag.

Me har snakka med lagleiaren for G16 – 15-årsgutane som stiller i 16-årsklassen i årets pinsecup. Bengt Monry Olsen fortel om tre tap, men alt har ikkje vore heilsvart. Mot det danske laget Brønderslev leia Fitjar 4-1, men måtte til slutt strekkja våpen med 10-14, mot eit temposterkt lag av 16-åringar.

Fitjarposten fekk sjå J13 tapa 5-11 mot eit godt lag frå Sotra. Laget spelte ein av sine beste kampar. Dessverre fekk dei fleire mål annullert av dommar Epland, men han hadde nok heilt rett.

Tre Fitjar-lag har vunne kampar pinseaftan: Fitjar J15 vann 7-6 mot Mathopen. Gutar 11 vann 9-7 mot Sotra. Jentelaget i 10-årsklassen har vunne to kamper, 3-1 mot Åsane 2 og 8-5 mot Tertnes 1.

Oversikt over kampar og resultat finn me her: