Fitjarbuen Onar Westerheim er på plass på rekordbanen i Inzell, saman med kollegaen Jan Henriksen frå Stord.

Det er den utsende medarbeidaren vår, Elise Aarbø, som melder dette til fitjarposten.no. På den verdskjende skeisebanen i Sør-Tyskland går veteranløpa Masters» International av stabelen denne helga. Løparane skal gå 500 meter og 1000 meter begge dagar.

Etter fire bronsemedaljar i NM for veteranar på Valle Hovin i Oslo for snart tre veker sidan er ikkje ambisjonane heilt små. Den glatte rekordisen vil gi gode tider, og Onar reknar med å setja årsbeste i løpet av helga. Men han skal nok få brynt seg denne gongen.

Han stiller i same klassen som den kjende «Måken» frå Tørvikbygd, Brynjulf Måkestad. Og den endå meir kjende Erik Vea. Om du vil vita meir om han, kan du høyra låten Di Derre har skrive om Erik Vea:

Deltakarlister og andre opplysningar om løpa i Inzell denne helga finn du her:

 

 

HCG steroids