Å vera til stades på folkemusikkfestival i Sclitters i Zillertal i Syd-Tyrol er ei oppleving av rask gladmusikk, kjempestemning og høge glas i Bayern-stil. Men noko fyll såg me ikkje noko til.

Det skuldast kanskje at det dei fleste fylte glasa med var radler, ei blanding av sitronbrus og øl, slik at det ikkje er særleg sterkt, og austerikarane sin drikkekultur, som tilseier at det er nok med eit glas eller to.

Slik kunne òg heile familien vera saman på festivalen. Og etter det me kunne sjå, koste borna seg like mykje som dei vaksne, med denne musikken.

Elles er det vel slik med tyrolarmusikk (som ikkje berre er jodling) som med countrymusikk, at anten likar ein det skikkeleg godt, eller så likar ein det ikkje i det heile.

I Zillertal var i alle fall desse musikarane på heimebane, og folk song med på dei aller fleste songane, og om ikkje dei dansa på borda, så hende det rett som det var at nokre av musikarane hoppa opp på langborda og stod og spelte midt i folkemengda.

Tyrolermusikken sitt Nashville?
Når me spurte folk i Zillertal om dalen deira var like viktig for Tyrolarmusikken som Nashville for countrymusikken, var dei heilt samde i det. Ein austerrikar me kom i snakk med på hotellet vårt i Kufstein, var derimot ikkje av same meining. -Tyrolarmusikk spelar ein i heile Austerrike og i Syd-Tyskland og Sveits med, understreka han. -Ok, sa me, men tenkte at så spelar ein heller ikkje countrymusikk berre i Nashville heller. Det er i alle fall ikkje tvil om at svært mange songar og produksjonar innan Tyrolermusikken har med Zillertal å gjera.

Festivalen me var på varte berre ein dag. Me fekk med oss fem timar non-stop og musikarar som «Der junge Zillertaler» (ei gruppe som mellom anna gjorde det svært bra i folkemusikk-Grand prix i Munchen), Judith og Mehl (ein legendarisk folkemusikk-duo), «Florian Fesl» (ein oppkomande stjerne som det står store forventningar til, og som både song og spelte utruleg bra), «Zillertalpower» (folkemusikk med litt mer trøkk) og «Die Alpenbummler» (ei svært allsidig gruppe).

Det heile var arrangert av «Trachtenwelt», eit firma som har hovudutsalet sitt i Zillertal, og som er kjempestore på tyrolske festdrakter og tyrolermusikk.

For å koma til Zillertal kan ein ta tog frå Innsbruch eller Saltzburg til Jenbach. Her skiftar ein tog og går over på den vesle Zillertalbanen. Frå Jenbach kan ein òg ta eit damplokomotiv frå 1889 opp til Achensee. Men det er ei anna historie.