– P3morgen sine morostunt om fitjarposten i fjor var ei medverkande årsak til at me flytta til Fitjar, smiler ekteparet Marte og Rune Kvilhaugsvik til fitjarposten.no.

Ekteparet var to av fleire nye innflyttarar i Fitjar som tok imot invitasjonen frå Fitjar Frivillisentral og Fitjar kommune til ei samling med informasjon og mat i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i kveld. Rune har no jobb i Fitjar Frivilligsentral med hovudfokus på Ope Hus, mens Marte som er fysioterapeut for tida jobbar på Bømlo, og snart skal ta til på på Stord sjukehus. – Me trivst veldig bra. Det er verkeleg kjempekjekt å bu på Fitjar, smiler dei, og viser til kyrkjelydspresten sin kommentar på P3morgen.

Når det gjeld Jan Thore Josdal frå Sandnes, var det andre krefter som drog. Som for svært mange andre innflytta fitjarbuar var det kjærleiken som førte han til bygda, kjærleiken til Tove Camilla Malkenes. Jan Thore likar seg òg svært godt i bygda. – Mellom anna er det flotte forhold for jakt og fiske her, så om det også legg seg godt til rette med jobbsituasjonen framover, satsar eg nok på å bli verande, seier han.

Nyinnflyttarane fekk elles med seg ein liten minikonsert ved Fitjar skulekorps og gode velkomstord frå ordførar Harald Rydland og leiar av Frivilligsentralen Ellinor Bergesen. Fleire lag og organisasjonar i tillegg til Fitjarposten og bladet Sunnhordland nytta òg høvet til å presentere seg, noko innflyttarane syntes å setja pris på.

Les også:
P3 med Fitjarros som ringetone

testosteron