NRK P3 har lagt ut ringetone  for mobil, med rosande ord om Fitjar.

NRK P3 har heilt sidan i sommar halde det gåande med fitjarinnspel under morgonsendingane sine.
No har dei òg lagt ut ringetone med positive ord om Fitjar.

Ringetonen består av eit lydopptak med  Nobukazu Imazu (Nobu) som fortel at det er kjempekjekt å bo i Fitjar, at det er kjempekjekke folk her – og fin natur i Fitjar. Så følgjer en kjapp replikk om P3morgen.

Igjen eit artig innspel ifrå dei sprelske programleiarane på P3 sine morgonsendingar.

Last ned ringetonen frå Fitjar på nrkp3.no