Øygard kom til Fitjar, skaut mål og vann. Eit noko tafatt Fitjarlag fekk sitt andre tap i sesongstarten.

Øygard fekk litt for mykje gjera som dei ville denne gongen. Visst er det i utgangspunktet eit godt lag, men me har sett våre eigne kjempa betre enn det dei fekk vist i Fitjar Idrettspark i ettermiddag.

Når det er sagt, må vi likevel leggja til at Fitjar hadde ein god og agressiv periode midt i 2. omgang. Då reduserte Kjell Magne Halleråker, som òg vart kåra til Fitjar sin beste spelar, med ein lang pole frå bortimot midten av banen.  Ballen gjekk over keeper og i mål, og hadde Fitjar fått ein ball til i nettmaskene i denne perioden, noko dei var nær ved å få, kunne kampen ha blitt heilt annleis.

Kjell Magne Halleråker vart kåra til Fitjar sin beste spelar.

Her er Agnar Aarskog sin kommentar:

Øygard vann fullt fortent. Første omgang var svært tam av Fitjar og ein skal vera glad at ein ikkje gjekk til pause med meir enn 0-1. Det var meir rørsle i Øygard laget, og Fitjar vart liggjande svært lågt.

Det næraste Fitjar var i første omgang var eit skot av Kjell Træet i tverrliggjaren.I andre omgang gjekk Øygard raskt opp til 2-0, men etter dette tok Fitjar litt over i ein periode, og Kjell Magne Halleråker reduserte med ein flott lobb over keeper frå 40 meter. Men etter kvart kom Øygard tilbake og punkterte kampen i det 75 minutt med si tredje scoring.

Fitjar har fått ein vanskeleg start på serien i år og i neste kamp møter ein Stord på bortebane noko som kan bli litt av ei oppgåve, men langt frå umogleg. Me får håpar at dei skadde spelarane etter kvart kjem att og me får fleire på trening og dermed meir kvalitet i treningsarbeidet.