Kristian Hovstad og niesene Åsne og Karoline kom frå Trondheim og Bergen for å vera med på Normisjon si julemesse i Øvrebygda. Foto: Kjetil Rydland.

Den årlege julemessa til Normisjon i Øvrebygda trekte godt med folk, sjølv om det uvanleg vakre novembervêret freista til andre gjeremål.

Ellen Helland fortel at dei har brukt gymsalen ved Øvrebygda skule dei siste åra, for bedehuset oppe i brekka blei for lite til alle som ville vera med på denne julemessa. Ho er kontaktperson i Øvrebygda Normisjon, men er slett ikkje åleine om dette store arrangementet.

Nora Helland var som vanleg på plass på julemessa i Øvrebygda. Foto: Kjetil Rydland.

Ho har med seg ein flokk med flinke, solide naboar oppe i Bygdo: Turid Sandvik, Marit Tislavoll, Sigrun Gerhardsen, Ellen Karoline Hovstad, Bjørg Fjugstad, Inger Malkenes, Lajla de Fine, Bjørg Lindås og Nora Helland har alle vore ute ein fin novemberdag før.

Øvrebygdarane fylte bra opp i gymsalen ved Øvrebygda skule, der dei fekk servert kaffi og litt kaffimat. Håkon C. Hartvedt hausta som vanleg lovord for songandakten sin. Denne gongen fekk han til og med applaus! Åresalet rundt borda såg ut til å gå bra, og gevinstane var mange. Nokre har dei fått, og nokre har dei kjøpt, fortel Ellen Helland.

Dei flottaste premiane måtte du ha lodd på bok for å ha sjanse på. Ellen fortel at dei har sete på Spar Fitjar og selt lodd, og i tillegg har ho gått rundt i bygda. Heldige vinnarar kunne sikra seg fine, heimelaga produkt av ymse slag.

Olav Tislavoll, Emmeli Helland og Miriam Gerhardsen delte ut gevinstane. Foto: Kjetil Rydland.

Blant dei ivrige loddkjøparane i salen møtte me den gamle kjenningen Kristian Hovstad. Den opphavlege ovbygdaren har budd dei siste ti åra i Malvik kommune, rett utanfor Trondheim. Kristian med den velkjende radiorøysta arbeider i Her og nå-redaksjonen i NRK, og det var ei jobbreise til Bergen som førte han heim til fødestaden. Med seg hadde han to nieser som bur i Bergen, til eit populært besøk hos mor og bestemor, Ellen Karoline Hovstad på Haugen.

Kristian fortel at han er med i ei Normisjon-menighet på heimstadden, og sit i styret for misjonsskulen Gå Ut Senteret i Trondheim. Dei sender studentar til Nepal, akkurat dit pengane frå denne juemessa går.

– Men dette visste eg ikkje! smiler Kristian.

- Annonse -

Kontaktperson Ellen Helland stadfestar at inntekta frå julemessa går til arbeidet i Okhaldunga i Nepal. Her jobbar ekteparet Kristin og Erik Bøhler som utsendingar for Normisjon, på Okhaldunga sjukehus, aust i landet.

På Facebook-gruppa Kristin og Erik i Nepal kan me lesa meir om kva pengane frå julemessa i Øvrebygda går til.