Øvrebygda har nok av vatn ute, men i kranene er det heilt tomt. Slik har det vore sidan i ettermiddag, men det jobbast iherdig med saka.

-Uteseksjonen og Fitjar brann- og redningsvesen søkjer no sone for sone for å finne lekkasjen eller lekkasjene, for det kan vera det er to av dei, opplyser vaktsjef Ove Gjerde til Fitjarposten.no. Han fortel at dei fekk melding om vassproblema rundt klokka 16.00 i ettermiddag, og understrekar at gravemaskin står klar, og at utbetring vil skje så snart lekkasjen er lokalisert.

Fitjarposten vil følgja saka vidare utover kvelden, og me kjem tilbake med fleire opplysningar så snart me veit noko meir.