Elevar ved Øvrebygda skule. Bilete for illustrasjon. Arkivfoto.

Tradisjonen tru slutta ovbygdarane godt opp om kveldaseta på skulen i går kveld, og nærmare 30 000 kroner går til årets TV-aksjon.

Som vanleg når lærarar og elevar ber inn til kveldaseta, var gymsalen ganske full. Men me augna ein og annan ledig plass ved dei mange borda, truleg fordi det denne gongen er eitt klassesteg færre enn før på Øvrebygda skule. Dei gjenverande 50 elevane frå seks klassesteg – etter turbulensen i fjor haust – gjorde likevel ein flott innsats, og sørgde for at det kom inn like mykje pengar til TV-aksjonen som det plar.

Fekk 2000 kroner av Engevik & Tislevoll for å gå 24 mil!

Runar Øvrebø var som vanleg i storform, og rektor Sigbjørn Aarland var ikkje mykje dårlegare etter at han fekk 2000 kroner frå Engevik & Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.

Ein stolt rektor, Sigbjørn Aarland, kunne fortelja at skulen allereie hadde hatt ein eigen aksjonsdag før kveldaseta. Etter at elevane hadde fått vita kva pengane skal gå til i årets TV-aksjon, la dei ut på vandring til gapahuken til 4H ved Kovadalstjødno. Elevane fekk med seg eit kort, der dei fekk eit klipp i for kvar tur. Elevane gjekk totalt 158 turar opp til gapahuken og ned att. Viss me reknar saman alle turane, får me ein avstand på ca 238 km. For den flotte innsatsen sin fekk elevane 2000 kroner frå Engevik & Tislevoll til TV-aksjonen. Under opninga av gårsdagens kveldaseta fekk rektor Aarland 1000 kroner frå vinnarlaget «Kulturhjørnet» under quizen i Peraløo for ei veke sidan.

Aktive elevar og foreldre

Som alltid under desse tilstellingane var elevane særs aktive. Sol Angelica Bergesen Maraas og Adina Rydland frå elevrådet heldt appell og fortalde om kva pengane går til. Og ein samla flokk på 50 elevar song under leiing av Hildegunn Skjelten tre songar med innhald knytt til TV-aksjonen.

Som vanleg fekk publikum fleire måtar å gi sitt bidrag til TV-aksjonen under gårsdagens kveldaseta. Ute i gangen var det råd å få kjøpt ymse «lopper» som folk frå bygda hadde kome med. I fleire hjørne var det oppretta kafear, der elevane selde kaffi, pølser og ymse bakverk som foreldra hadde laga.

Det store høgdepunktet var naturlegvis åresalet og trekninga, under leiing av lærar Runar Øvrebø, som framleis held koken. Det var også elevane som gjekk rundt og selde då åresalet starta, og dei minste var ivrige med å bera gevinstar til dei heldige vinnarane. Personalet ved skulen, foreldra og det lokale næringslivet hadde gitt gevinstar til den store dugnaden.

Rektor Sigbjørn Aarland takkar for knapt 30 000 kroner

Fredag ettermiddag fortel ein sliten rektor at dei har fått inn 29 015 kroner. Det er nesten like mykje som i fjor, då dei fekk inn 29 770 kroner. Eit imponerande resultat! Sigbjørn Aarland nyttar høvet til å takka elevar og foreldre ved Øvrebygda skule for den flotte innsatsen, og ikkje minst det lokale næringslivet, som alltid støttar godt opp om aksjonen.

Dei som ikkje var med og støtta innsamlinga på Øvrebygda skule, får sjansen att når bøsseberarar bankar på døra komande søndag og ber om pengar til CARE og årets TV-aksjon, https://www.blimed.no/.

Emilie Vik fekk den ein gevinsten etter den andre. Foto: Kjetil Rydland.

TV-aksjonen

TV-aksjonen har blitt arrangert kvar haust sidan 1974, og har gitt livsviktig hjelp til millionar av menneske. Totalt har TV-aksjonen samla inn ni milliardar kroner.

Årets TV-aksjon skal skapa eit betre liv for kvinner i nokre av dei mest sårbare områda i verda. 

TV-aksjonen skal gi 400 000 kvinner hjelp til å tena sine eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få si stemme høyrt.

Tilde Haldorsen Helland og Simone Helland med mange fine lopper. Foto: Kjetil Rydland.
Leon Skumsnes Helland og Simen Skarpnes Røyrøy fann mykje godt å velja i på kafeen. Foto: Kjetil Rydland.