Elevar og lærarar held fast på ein tradisjon som er til stor glede for dei eldre i krinsen. Alle over 62 år vert inviterte til samver med underhaldning og kaffekos.

Sist veke var me over 30 eldre personar til stades i gymsalen på skulen. Elevar og lærarar marsjerte inn til feiande musikk. Det var fres over songane som elevane framførde. Tre elevar på småsteget spelte blokkfløyte, og vakker pianomusikk fekk me og lytte til. Kathrine i 5. klasse var ein dyktig programleiar.

Då elevane var ferdige med sine framføringar, var det tid for kaffe og mat. Dei eldste elevane serverte. Me kosa oss med snittar, kaffe og kringle, og fekk god tid til ein drøs med kvarandre. Allsong og nokre korte innslag vart det og tid til. Øvrebygda skule får takk og skryt frå nøgde deltakarar.