I veke 18 vil me laga til ei utstilling på Øvrebygda skule som viser sider av historia til bygda. Då ynskjer me at bygdefolk kjem med gjenstandar og bilete frå tidsperioden på 150 år.

På torsdag 29. april  mellom klokka 14.30 til 16.00 kan de koma innom med det som skal stillast ut. Skulen skal ta godt vare på dei tinga de kjem med. Då vil det vera folk på plass for å ta i mot.

Utstillinga vil vera open i skuletida måndag til torsdag frå klokka 8.30 til 15.30. På torsdag er det eldrefest frå 10 til 13.00. Då må de koma etter festen. Bilete og gjenstandar må hentast på fredag mellom kl 13.30 til 16.00.

Øvrebygda skule ser fram til ei spennande utstilling som kan skapa meir interesse for historia til bygda.
På førehand takk for bidraga.