Denne helga har nærare 200 4H`are mellom 12-15 år vore på Storkurs på Fitjar, og det mangla så visst ikkje på kurstilbod dei kunne velje imellom.

Forming, å laga ungdoms-party (alkoholfrie drinkar, pynt og aktivitetar), swing, fisking med båtar på vatnet og idrettsprega aktivitetar, er berre nokre av kursa. Nokre av kursa var på Øvrebygda skule, mens andre fann stad andre plassar i bygda. Mellom anna var det kassebillaging i løa til Gaute Aarbø og volleyball i gymsalen på Rimbareid skule.

På Øvrebygda skule møtte me mellom anna Synnøve Helland (139 frå Fitjar og Karoline Norheim Fauske (14) frå Omvikedalen. Dei hadde begge meldt seg på ”Party- party” –kurset, og kunne syne fram flotte Barbie-kaker, forrett og party-glas som dei hadde pynta vakkert med farga sukker rundt kantane. -Dette er veldig sosialt, og så blir vi godt kjende med kvarandre, fniser dei to jentene som synest det er topp å vera 4H`are.

 

Kassebil-laging: Bak f.v: Erik Åsheim (Sveio), Gaute Aarbø og Magne Andresen. Foran: Andre Birkeland (Sveio), Gisle Aarbø (Fitjar) og Magnus Bakken (Hauso). Foto: Håkon C. Hartvedt