Alle som har lyst til å vere med til Tysevatnet i ein spesiell anledning, er velkomne til fjells i morgon 17. august.

Det er Karen Elisabet Rydland Sæbø som fortel dette til fitjarposten.no. Ho er klubbrådgjevar for 4H-arane i Øvrebygda. Turen er open for alle, både born og vaksne. Kvar heim må vurdere om deira born har alder til å bli med utan tilsyn av vaksne. Klubbleiinga har ikkje høve til å ta ansvar for kvar deltakar, men det er meininga å gå i samla tropp. Turen startar frå Sæterbø kl 14.00 og flokken går via Ytste Sørlivatnet og Hedledalen til Tysevatnet, og det er der det skjer noko spesielt. 4H-klubben på Rommetveit kjem til møtes og skal levere poteta Petra, som har vandra rundt i landet ved hjelp av mange 4H-medlemmer. Det store potetløpet som vert arrangert i samband med 4H sitt satsingsområde Frå jord til bord, starta i Finnmark 4. mai og skal halde på til 16. oktober. 4H ønskjer at poteta skal synleggjere kor viktig rett kosthald og fysisk aktivitet er for helsa, og målet er å gi born og unge kunnskap om dette på ein god og kreativ måte. Mandelpoteta Petra er utstyrt med eiga turbok og GPS. Poteta skal heile tida fraktast ved hjelp av fysisk aktivitet og miljøvenlege transportmiddel: Til dømes med sykkel, til fots, til sjøs. Privatbil og fly er ikkje lov.
Når Øvrebygda 4H kjem attende frå turen vert det ei samling med diverse aktivitetar på Rydland kl 18.00. Alle er velkomne til å vere med på det også, seier Karen Elisabet.