I sjutida i kveld kom glade, men litt trøtte born ned frå fjellet saman med nokre vaksne.

Det store potetløpet (eller stafetten) Frå jord til bord har pause i Øvrebygda til i morgon. Då går ferda vidare til Sveio. Godt innpakka oppi ein liten sekk bar dei med seg poteta Petra, som no har vore på vandring sidan starten 4. mai.  Poteta Petra (eigentleg tre poteter) vart omtala i fitjarposten.no i går. Enkelt fortalt er dette eit stafett-løp der «Petra» blir frakta ved hjelp av alle 4 H –klubbane i landet frå Pasvik i nord til endestasjonen Hellerud. Som nemnt tidlegare ønskjer 4 H organisasjonen at poteta skal vise kor viktig rett kosthald og fysisk aktivitet er for helsa, og målet er å gi born og unge kunnskap om dette på ein god og kreativ måte. Transporten skal heile tida føregå ved fysisk aktivitet og på ein miljøvenleg måte. Difor gjekk dei til fots dei seks borna og fire vaksne som møtte Rommetveit 4 H i Hedledalen i ettermiddag, der «Petra» vart høgtidleg overlevert.                                            Ingvild de Fine Olsen kom gåande til Rydland med den dyrebare lasta, og mange ville sjå ho og ta bilete. Hos Karen Elisabet og Håkon var det annonsert Open Gard i kveldinga, og då var poteter  i fokus. Bakte poteter låg på grillen og frista til kjøp. Håkon arrangerte potetløp og andre oppgåver med fysisk aktivitet. Dei som ønskte det, kunne blant anna grave opp tidlegpoteter til seg sjølve, og betalinga skulle gå tilhaustens  TV aksjon.                                                                                                                         Medlemmer av 4 H i Øvrebygda hadde ansvar for å steikje vaflar og selje saft og kaffi i tillegg til bakte poteter. Til glede for mange born var det høve til å «helse på» ulike husdyr som kanin, marsvin, katt og lam.

Ingressbilete viser Ingvild de Fine Olsen som kom berande med «Petra». Foto Turid Sandvik