Dei yngste musikantane i Stord og Fitjar skulekorps avslutta ei kjekk og utviklande øvingshelg med ein flott, rocka konsert i kultursalen.

Ti musikantar frå Stord skulekorps og fjorten musikantar frå Fitjar skulekorps var samla til øvingshelg i Fitjar kultur- og idrettsbygg fredag til laurdag denne helga. Det har etter kvart vorte tradisjon med desse juniorøvingshelgene og ein del av musikantane frå Stord og Fitjar kjente kvarandre att frå øvingshelga dei hadde saman i vår. Frå Fitjar skulekorps, som for tida ikkje har juniorkorps, var det dei korpsmusikantane som går i 4.-7. klasse som deltok. 

Me har hatt det veldig gøy, fortel Tor Håkon Aarbø (10) som spelar slagverk i Fitjar skulekorps.
– Me har gjort masse forskjellig, me har spelt og me har sett film i den store kinosalen. Filmen var Titanics ti liv og den var veldig bra. Så har me tulla litt på klasseromma der me sov i natt og me har spelt litt fotball.

På desse øvingshelgene saman med musikantar frå Stord skulekorps brukar musikantane å sova på flatsenger på klasserom, med foreldre som vakande brannvakter. 
– Det gjekk heilt greit å sova her, seier Tor Håkon med eit smil.
Han har sove på flatseng ein del gongar før.  Eg spør om han har blitt kjend med nokre nye, kjekke musikantar frå byen på sørsida av øya.
– Nja, eg har blitt kjend med nokon, men mange av dei kjende eg frå før for me var i lag med dei på øvingshelg på Hystad skule i vår, svarar Tor Håkon. Så skiftar slagverkaren fokus. Det er knappe fem minutt til konserten startar, han festar blikket på dirigenten, står klar med klokkespel-køllene i hendene, tar ein liten sjekk at det er rett note som står fremst på notestativet og er klar for konsert.

Foreldre og andre korpseinteresserte folk fann seg plass i Fitjar si storstove og fekk servert ein flott rocka konsert. Det var Hound dog, We will rock you, Rotte-rock og andre svingande og fengande songar med stort trøkk.
 – Me har øvd spesielt på det med volum og å blåsa ut, fortel dirigent og instruktør denne helga Svein Roger Koppang.
Det merkast, her var det fult trøkk og særleg i dei mørke stemmene var det høgt volum. Me kunne lett høyra at heile korpset har hatt ei stor utvikling sidan dei møttest fredag ettermiddag og publikum responderde med stor applaus. 

– Me har hatt ei kjekk helg der dei har lært ein del og det har vore mykje sosialt, fortel dirigenten som beskriv dette som det mest vellukka  juniorseminaret dei har hatt. 

Hovudmålet for helga var at dei skulle klara å øva inn eit fullverdig verk arrangert for fullt korps. Fullt korps i denne samanheng er janitsjar-besetning, og for musikantane frå Fitjar som spelar i eit brass-korps var det litt ekstra spennande å ha med fløyter, klarinettar og saksofon som høyrer heime i eit janitasjarkorps. Utfordringa tok dei på strak arm og avslutta konserten med ei flott framføring av Asia rock frå Easy pop suite. Musikantane, dirigenten og publikum smilte og trakka takten. Målet var nådd. Høg måloppnåing ville dei sagt i skulen.