Fitjar skulekorps hadde øvingshelg i helga med innleigde instruktørar frå Sagvåg og Tysnes.

Øvingane tok til allereie fredag ettermiddag med fellesøving på musikksalen på Rimbareid skule. Svein Roger Koppang er dirigent for korpset og stod for denne øvinga med hjelp frå styreleiar Ole Christian Ottestad og korpsleiar Svein Lunde.

Om laurdagen kunne dei ikkje vera på skulen pga at vatnet der skulle stengast. Kommunen har halde på med å leggja ned nye vassrøyr ved prestegarden, og denne dagen skulle omkoplinga skje. Gruppeøvingane vart difor flytta til Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her var det stor aktivitet frå før med karate-kassuku i idrettshallen, kiosk i foajeen og førebuing til kulturmønstring i kultursalen.

Korpset hadde spandert på seg innleigde gruppeinstruktørar, og det var kjekt for musikkantane å verta instruert av nokon som hadde deira instrument som hovudinstrument. Instruktørane kom frå Fitjar skulekorps, Fitjar musikklag, Sagvåg musikklag og Tysnes musikklag.

På jakt etter alle gruppene vart eg godt kjend på huset. I eit klasserom var trombonane samla og i eit anna euphonium. På konferanserommet sat althorna og øvde, og på eit anna lite rom hadde ess-, repiano og solokornettane stua seg saman. Alle gruppene var litt redusert denne dagen. Det var mykje som skjedde denne helga og ein del var dessverre vekkreist. Eg «sette øyrene på stilke» for å finna ut om det var fleire musikkantar i sving, og frå kultursalen kunne eg høyra det dunka og slo, og då eg gløtta på døra såg eg to kjekke karar som hamra laus på slagverk og stortromma, under kyndig leiing av Steinar Vik. Dei hadde mykje vanskeleg dei skulle øva inn til kulturmønstringa seinare denne dagen så eg lista meg ut igjen. Kvar var så resten av gjengen. Der var det ei dør det kom sigande fine kornettonar frå. Bak døra opnar det seg ei trapp med skilt: Gå stille! Eg lista meg oppover trappa, og der i eit uinnreia rom med rot og rask i andre etasje sit 2. og 3. kornettane og øver saman med dirigent Koppang, som har kornett som sitt hovudinstrument. Sakna me nokon no? Først nokre timar etter gjekk det opp for meg at eg ikkje hadde klard å finne bassane, dei som er så viktige, dei som er tyngda i korpset, sjølve grunntonen. Men kvar kunne dei ha gøymd seg. Det viste seg at dei hadde øvd i ein gardrobe. Absolutt heile huset hadde vore i bruk.

Utan mat og drikke duger helten ikkje. Det gjeld og for korpsmusikkantar, så etter nokre timar med øving serverte Arnhild J. Raunholm og Kari K. Prestbø gryterett til musikkantane før det var meir øving. Om kvelden deltok korpset på  kulturmønstring i kultursalen saman med andre representantar for kulturlivet i bygda. Det kunne høyrast at korpset hadde hatt ein god øvingsdag, og sjølv om det var litt tynt i rekkene og nokre foreldre hadde blitt hanka inn for at alle stemmene skulle høyrast, spelte dei betre enn nokon gong.

Søndag var det på han igjen, no me øving på musikksalen på skulen og servering av kake og bollar i pausen.

Korpset øver for tida til korsptreffet dei skal delta på Stord førstkomande torsdag, 17. mai og jubileumsturen til Spania i juni.

Korpset gjennomførde flaskeinnsamling tidleg i april for å skaffa inntekt til drifta av korpset, og Erling Prestbø i styret har mange han vil takka i samband med dette. Les takken her. Ynskjer du å lesa meir om korpset, sjå bilete frå det dei er med på eller høyra opptak av når dei spelar kan du gå inn på heimesida deira her.

 

Fitjar skulekorps øvde på musikksalen på Rimbareid skule søndag ettermiddag.