Denne gåva kjem til å koma mange til gode, seier ei overvelda Inger Marie Gilje i diakoninemnda, som i dag mottok ein gåvesjekk på fleire tusen kroner frå den lokale handelsmannen.

Det er Handelshuset Larsen som i år ynskjer ansatte og foretningsforbindelsar god jul med ei helsing til diakoninemnda i Fitjar. Odd Sverre Larsen, som er dagleg leiar i handelshuset, fortel at dei har hatt ulike variantar av julehelsing, og i år landa dei på å gje ei handsrekning til ein del av det frivillige arbeidet på Fitjar. I staden for ei helsing til dei tilsette har dei valt å gje julehelsinga til nokon som kanskje treng det meir, sjølv om dei tilsette sjølvsagt og treng å bli sat pris på. Odd Sverre seier han kjenner folk som har satt stor pris på besøkstenesta til diakoninemda, og han har og lagt merke til dei kjekke turarane dei arrangerer kvart år. Dette er folk som arbeider i det stille, men dess viktigare er det dei gjer, seier handelsmannen, og påpeikar at dei kjenner seg trygge på, og set pris på, at alle midlane går direkte til brukarane.  På Fitjar vert det lagt ned stor innsats i mange typar frivillig arbeid og diakoniarbeidet er eit av mange arbeid som fortener ei handsreknning. Bygda vår treng slikt frivillig arbeid, avsluttar gjevaren.

Diakoninemda, som vert leia av Inger Marie Gilje, driv mellom anna besøksteneste med 22 besøksvenner, og desse besøkvennene deler bl.a. ut blomar til dei dei besøkjer no før jul. Det vert og delt ut juleblomar til dei ulike instutisjonane på Fitjar. Etter jul arrangerer dei nyttårssamling på aldersheimen, seinare på året arrangerer dei diakonitur og dei arrangerer diakoniens dag med gudsteneste og middag. Nemnda deler og ut blomar til alle i bygda som har runde dagar frå og med 80 år. Denne julehelsinga på 10 000,- var heilt fantastisk, og ei stor, gledeleg overrasking for oss, seier diakonileiar Inger Marie Gilje. Ho er svært takksam, og vil gjerne få fram at dette var eit stort lyspunkt for dei.

Dei tilsette i Handelshuset Larsen, og foretningsforbindelsane deira, får eit julebrev der dei får veta kvar julehelsinga har teke vegen. Vidar Vestbøstad, som er ansatt hos Larsen og som me treff i kassa på Spar, synes dette er ein flott måte å gjera dette på, og synes det er kjekt at diakoniarbeidet får merksemd på denne måten.