FMV Bygg 204 «SAFIR» , som nyleg vart sjøsett, vart i går  overlevert til Stava Sjø.

Trond Stava (adm. dir.) og Torfinn Johansen (Kaptein på Safir) representerte Stava Sjø AS i overtakinga.

Båten går elles rett i drift, og har arbeid allereie som skal utførast allereie i dag.

FMV sine største underleverandørar i bygget er: Nogva Motorfabrikk (motor/gir og propell + manøversystem og generatorar), MB Hydraulikk (Hydraulisk pakke med hydraulikkpumper, vinsj, kapstaner og sidethrustere), Bergen Hydraulikk (Pallfinger kranpakke), LOS Elektro (Elektroinstallasjon) og Lido Norway (Innreiing).

– Dette er den største og beste båten i sin klasse per i dag i Noreg, og mest sannsynleg og i verda, seier verftsdirektør Hugo Strand.

Rederiet sitt fokus på bygget har heile tida vore at båten skal vere brukarvennleg i arbeid. Båten at dermed fått eitt stort og ryddig dekk, til lasthandtering av alle slag. Det har likevel blitt plass til fire lugarar samt opphaldsrom med kjøkkenløysing og salong.

Båten har òg eitt lyst og oversiktleg styrehus med styreposisjon i akterkant, i tillegg til forut som vanleg. Det er òg ein styreposisjon ute på dekk for enkel manøvrering langs kai og langs oppdrettsanlegg, der båten vil ha mykje av sitt daglege virke.