Torsdag 19. februar er det duka for ny temakveld i Fitjar kyrkje, denne gongen med overlege Stein Husebø.

Husebø er dagleg leiar ved Verdighetssenteret i Bergen. Han er ein svært aktiv og engasjert mann, som har skapt seg eit stort namn både her heime og internasjonalt.

Verdighetssenteret er eit nasjonalt kurs- og kompetansesenter som arbeider for å sikra dei svakaste og sårbare gamle den verdighet som dei fortener i dei siste leveåra. Dei driv info og opinionsdanning, opplæring og kompetanseutvikling. Senteret ønskjer å engasjera pårørande og pasientar, helsepersonell, frivillige, politikarar og media. Stein Husebø er ein svært viktig pådrivar i dette arbeidet.

I Fitjar vil han fortelja om «Livets viktigste øyeblikk» – omsorg ved livets slutt.

Arrangøren ønskjer alle varmt velkomne til denne kvelden!