Brua som seniorane i Stord Fitjar Turlag har laga over Tinnselvo, gjer det lettare å nytta seg av det flotte turområdet rundt Morkavatnet.

Tinnselvo er elva som kjem frå Fuglatjødno og renn forbi Rydlandssago og ned i Dåfjorden. Elva har i hundrevis av år blitt brukt til å driva vassager nede ved sjøen og oppe ved fv. 545, der ho markerer grensa mellom kommunane Stord og Fitjar. Her nede går ho av naturlege grunnar helst under namnet Sa(g)elvo. 

Parkeringsplassen som Friluftsrådet Vest har laga ved Trebruo, rett ovanfor Rydlandssago, er eit naturleg utgangspunkt for turar til Prestavarden, Kløvfjellet og over til Vatnadalen. Eller i skogen rundt Morkavatnet og endå lenger inn i villmarka. Men då må ein komma seg over ei tidvis flaumstor elv som kryssar traktorvegen ein liten halvtimes gange innover i skogen. Dette problemet har no seniorane løyst med den nye brua over Tinnselvo. Den ligg rett ovanfor traktorvegen, og vil sikra trygg passasje over elva i all slags vêr, men ho må nok sikrast litt betre i begge endar. Om ikkje vårflaumane med mykje is skal riva ho laus og ta ho med seg nedover elveleiet.

Vel over elva kan ein følgja traktorvegen oppover mot Morkavatnet og kryssa kommunegrensa oppe i Morkavasslio. Når traktorvegen tar slutt, går det sti vidare innover til Barlindedalen. Den har fått namnet sitt fordi der i uminnelege tider har vakse viltveksande barlind, ein sjeldan busk i skogane våre. Området rundt Barlindedalsvatnet er svært usjenert, og er absolutt rette staden å gå om ein ønskjer fred i sjela. I helga var det umåteleg idyllisk der inne i solskin og fin temperatur. Om ein ønskjer meir trim og meir ro i sjela, kan ein gå endå lenger innover. Ved inste enden av Barlindedalsvatnet står det eit skilt merkt Vatnatjødnadalen; eit kvarter oppover langs bekken ligg eit av dei mest aude områda på heile Stordøyo. 

Me let Vatnatjødnadalen vera i fred denne gongen og følgjer merkt sti nordvestover att. Stien er godt merkt på vestsida av Barlindedalsvatnet og Morkavatnet. Så går den merkte stien vidare ned på austsida av Morkaelvo, som renn frå Morkavatnet. Og ned gjennom Uveibotn til me kjem tilbake til den nye brua over Tinnselvo. Og så ber det rake vegen ned til Rydlandssago, med meir ro i sjela. Eit godt turforslag, vil me tru. All ære til dei som byggjer bru.