Både Maria og Josef er på plass. Gjetarane og vismenna òg. No er det berre siste finpussen att, så er 7. klassane ved Rimbareid skule klare med julespel. Denne gongen i Kultursalen.

For ekstra kjekt skal det bli denne gongen å framføre Alf Georg Østebrøt sitt julespel med proft playback og stort lydanlegg. Som bileta syner er òg kostyma som dei skal vere, og kulissane vil nok koma på plass etterkvart. Så det er ingen grunn til å sitja heime når 7. klassingane inviterer til framsyning fredag 15. desember kl. 18.00.