Hovudkonserten under Fitjarfestivalen med Storm weather shanty choir, Gabrielle og Åsmund Åmli Band var ein stor suksess, og vart ein fest for alle dei over 700 som hadde prioritert konsert på Sjøsio framfor OL på tv.

Dette skulle vera ein konsert for alle og folk stilte opp i hopetal, frå dei yngste som var langt under skulealder til dei eldste langt inne i penjonist-rekkene. Ved inngangen vart det delt ut øyrerproppar for dei som ville beskytta høyrsla, og det kunne vel trengast, for her var det lagt opp til at langt fleire enn dei som hadde løyst inn billett skulle få med seg det som skjedde på sjøsida. Etter å ha stått lenge i kø var det stor glede då portane vart opna. Dei ivrigaste sprang heilt fram til scenen for å sikra seg god utsikt og kanskje nærkontakt med artistane. Andre sette seg ned på benkar og anna rundt omkring på kaien, og nokre strena rett til baren i matteltet.

Storm weather shanty choir opna konserten i strålande solskin, over ein halv time på overtid, slik det kanskje skal vera på store konsertar. Shantykoret har nett feira 10-årsjubileum, men det var første gong dei var på Fitjar, og det var på tide meinte mange av dei frammøtte. Koret har spelt inn fleire cd’ar og hatt konsertar både i USA, Japan, Europa og no endeleg på Fitjar. Dei seks shanty-karane frå Stord (Håkon Vatle, Ronny Sætre, Rune Nesse, Vidar Vedå, Roald Kaldestad og Gisle Østrem) skapte svingande seilbåt-stemning på kaien og publikum var med og song, drog i tau og ropte Gin!. Alt teatralsk leia av Håkon Vatle med bakgrunn frå Statsraad Lehmkuhl. Med fult trøkk vart ekstranummeret What shall we do with the drunken sailor det klare høgdepunktet der publikum lot seg riva med i rytmane, ja til og med bestemødrene tok til å gynga med. «Knallkjekk konsert», var Markus Kongestøl Vik sin umiddelbare kommentar etter konserten. «Eg hadde ikkje høyrt om dei før, men musikken var kjempebra. Aller best like eg den siste, Drunken sailor, og den har eg spelt sjølv på gitar», sa den blide elleveåringen før han sprang rundt for å sikra seg autografane til alle shanty-karane. Han var heller ikkje lite stolt då han og fekk sikra seg eit bilete saman med shantysongar Vidar Vedå.

Så tok det til å verkeleg tetta seg til framfor scenen og ved den minste bevegelse bak scenen starta hylinga. Så kom endeleg den bergenske artisten som mange kjenner frå X-faktor, radioen og VG-lista. Dei unge venta på Gabrille og då ho endeleg entra scenen saman med dei tre musikarane sine og song  Glemt meg, Bordet, Eg flyr, Inn i deg og ikkje minst storslageren Ring meg, då fekk ho  heile sjøsida til å gynga med i konsertstemning. Gabrielle Leithaug sin electropop på kav Bergensk gjekk ikkje inn berre blandt ungane og ungdomane og fleire mødre heiv seg med i electro-dansen og songen. Gabriella skrytte av publikum og avslutta konserten med å ta fram eit filmakmera og filma dei frammøtte. Med orda «Dåkker e så utroli fin, dåkker sku sitt dåkker sjøl!» smelta ho nok hjarta på stor del av fansen i dei fremste rekkjene.

Då den populære artisten gjekk av scenen gjekk og dei yngste publikumarane heim. Sola hadde gått ned i havet, klokka passerte ti og handballfinalen i OL var godt igang på Tv. Men mange av det vaksne publikumet valgte å fortsetta festen med dansemusikk av Åsmund Åmli band. Eit populært danseband som spelar country/rock og som er kjent frå norkstoppen, uttalige turnear og fleire cd-utgjevingar. Med sin dansemusikk på vallemål og ein svært positiv frontfigur Åsmund Åmli vart det god bryggedansstemning på kaien, sjølv om fitjarbuen ikkje er den lettaste å invitera til dansegolvet. Men det kom seg etterkvart, og ein skal ikkje sei at folk ikkje nytte musikken og stemninga sjølv om dei ikkje ville bevega bein og kropp i takt med danserytmane.

Ordførar Wenche Tislevoll og kultursjef Bente Bjelland var på plass under denne konserten òg, med Fitjarsåper til alle artistane, Håkonarsåpe til herrane og Huldresåpe til den langhåra artisten frå Bergen. For dei som endå ikkje hadde fått nok etter fire timar på Sjøsio fortsette festen med konsert og dans på Fitjar fjordhotell og i Fitjar kultur- og idrettsbygg.