Brannvernveka går av stabelen 15.-21. september. Den landsdekkjande kampanjen skal inspirere born og vaksne til å sjekke branntryggleiken heime. – Vi går inn i den årstida der talet på bustadbrannar vanlegvis aukar kraftig. Folk treng ei påminning om branntryggleik når vi no skrur på varme og lys, tenner levande lys og fyrer i omnen, seier brannsjef Tore Nesbø.

I løpet av Brannvernveka vert det ”Open brannstasjon” på 311 stader over heile landet. I fjor vart stasjonane vitja av nær 160 000 små og store brannvernarar. På brannstasjonane får born og vaksne opplæring i korleis dei kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og prøvesitjing i brannbilar er noko av det publikum kan oppleve. Dessutan vil det bli delt ut 90 000 brannverncaps til borna.

– Vi ser at borna er svært opptekne av brannfare, blant anna fordi dei lærer om det i barnehagen og på skulen. Borna er blant våre viktigaste ambassadørar for å styrkje branntryggleiken i heimen, seier Tore Nesbø. Meir enn 1 av 4 foreldre har opplevd at borna uoppfordra har teke opp eller påpeika ting rundt branntryggleiken heime. Dette viser ei fersk undersøking TNS Gallup har gjennomført for If Skadeforsikring i samband med Brannvernveka.

Kampanjen er styrt av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og If Skadeforsikring. På landsbasis tek 224 kommunale og interkommunale brannvesen del i kampanjen, i tillegg til mange lokale If-kontor og el-tilsyn.

Lokalt er det Fitjar brannvesen som står for gjennomføring av arrangementet.

I vårt distrikt er det open brannstasjon på Aarskog brannstasjon laurdag 20.09 frå kl. 11.00 til 15.00

Oversikt over alle brannvesen som er med, og tid og stad for open brannstasjon, kan ein finne på nettstaden www.brannvernuka.no.

Kontaktpersonar:
Trond Henriksen, tlf. 415 65 866