Gjennom stor dugnadsinnsats har 54 innsamlingsbøsser vore på vandring gjennom bygda i dag, og så langt syner oppteljinga at Fitjarfolket har gjeve vel 150 000,- til årets TV-aksjon. 

I strålande haustver har dei frivillige bøsseberarane ringt på så godt som kvar ei dør i bygda vår i løpet av ettermiddagen. I banken var to tilsette og ein ungdom på plass for å gjera sin dugnadsinnsats med å telja opp pengane. Innsamlingleiar Ellinor Bergesen i Fitjar frivilligsentral og ordførar Wenche Tislevoll sat klar med kaffi og kake og tid til å slå av ein prat med alt fotfolket då dei var innom for å levera frå seg bøssene for tøming og teljing. Bøssa er full av pengar, fortel litle Johan V. Strand som har gått innsamlingsruta saman med mamma og som er spent på å sjå pengeteljemaskinen i aksjon. Medan han ventar på det får han eit flott sjokoladekakestykke å styrkja seg på som takk for bøsseberarjobben.

Praten går livleg rundt kaffibordet i banken, og få takkar nei til eit kakestykke frå ordføraren. Det har vore fint ver å gå i for dei som har vore bøsseberarar, men kanskje nettopp på grunn av det fine veret var det ein del hus det ikkje var folk heime i i år. Men då fekk dei ein lapp på døra eller i postkassen med informasjon om at dei kan ringa inn pengar til innsamlingsaksjone viss dei vil. At ein ikkje er heima når det ringjer på døra, skal ikkje vera noko hinder for å få kunna vera med å støtta det viktige arbeidet som Amnesty international gjer.

Årets tv-aksjon går til Amnesty international og bøsseberarane fortel at dette er eit arbeid som mange kjenner til og synes er viktig og som dei gjerne støttar. Bøsseberarane seier at dei møter berre positive folk, og har folk vore i mangel av kontantar så har dei gladeleg teke imot ein lapp med informasjon om korleis dei kan gje pengar til aksjonen på andre måtar. Og nesten uansett korleis ein vel å gje, vert det registrert at gåva kjem frå nokon på Fitjar.

Fitjar har alltid lege høgt opp på statistikken over antal kroner gjeve per innbyggjar. Dette er innsamlingsleiar Ellinor Bergesen svært glad for og stolt over. Ho skryt og av kor lett det er å få folk til å vera bøsseberarar. Fitjar er verkeleg ein ja-kommune, seier ho som har ein dialekt som røper at ho opprinneleg kjem frå ein plass lenger nord. Ellinor trekkkjer og fram den store innsatsen dei gjer på skulane i Sælveik og Øvrebygda der dei har eigne arrangement knytta til aksjonen. Som ein har kunna lese her på Fitjarposten tidlegare, samla Sælevik skule inn 9 226,- og Øvrebygda skule med sine vel femti elevar samla inn heile 31 892,-.

Totalsummen for innsamlinga på Fitjar, som no ligg på 157 364,-,  vil truleg stiga utover kvelden, natta og dei neste dagane etter som folk som ikkje har fått høve til å gje ei gåve tidlegare ringjer inn si gåve på telefon. 

På NRK si side her kan ein sjå ei rangering av alle kommunane i landet etter dei summane som til ei kvar tid er registrert. Fitjar ligg i skrivande stund på ein 35. plass med 59,37 kroner per innbyggjar. 

Oppdatert liste måndag morgon syner at innbyggjarane i Fitjar har gjeve 63,33 kroner i snitt til TV-aksjonen. Fitjar ligg då på ein 40. plass av alle kommunane i landet. Av kommunane i Hordaland er Fitjar den 5. beste, og i Sunnhordland den aller beste. Neste beste gjevarkommune i Sunnhordland, rangert etter gjennomsnitt per innbyggja,r er Bømlo som ligg på ein 102. plass med 49,84 kroner per innbyggjar.  

esteroides comprar