Trass i lyn og tore natt til laurdag og ruskavêr under arrangementet møtte rundt 110 personar opp til opninga av den nye grasbanen i Dåfjorden, laurdag.

– Partyteltet vart sett opp på førehand, og festa godt til gjerde og vannkanner (fulle maursyrekanner), før Rune Helland, nestleiar i Dåfjord Velforening, ønskte velkommen og leia festen, fortel Reidun Sørensen, og fortset:

– Hans Kobberstad og Annar Westerheim, som har vore «primus motorar» i prosjektet fekk sine velfortente gåver, blomar og takk for super innsats. Undertegnede las opp et sjølvskrive dikt på åtte vers for dagen.

Offisielt ved kultursjefen
Kultursjef Bente Bjelland sto for den offisielle opninga av banen og klipte snora før Fitjar skulekorps heldt ein kjempeflott konsert med svingande rytmar.

– Veldig, veldig kjektt, smiler Sørensen, og fortel at både marsipankaka frå Café Annemor og dei andre åtte kakene frå bygdefolket fekk bein å gå på. Kaffien varma godt, og ungane sette til livs rundt 14 liter saft (!) innimellom fotballsparkinga.  – Ja, det var vellykka og ein stor dag for Dåfjordbygda, fortel Reidun Sørensen.

Volleyball
På den nye idrettsbanen er det òg lagt opp til å kunne spele volleyball, og i går kveld møttest ein gjeng på same bane til volleyball for damer/jenter. Heile 12 stk frå 14- 55 år stilte, så dei fekk ei flott og uhøytidelig treningsøkt med to komplette lag.

Søndagskveld-fotball

– Etter desse møtte fotballfolket opp. Gutar og jenter, born og vaksne møttest til den vanlege fotballtreninga på søndagskveldene. 

Og i skrivande stund har nok storskolen gym der oppe. Ja, banen er allereie blitt til stor glede for små og store her ute, og ikke minst for Sælevik skule som no har et supert anlegg å boltre seg på i gymtimar og storfriminutt, sluttar Sørensen, før ho deler det siste verset av diktet sitt med fitjarposten.no sine lesarar (på utvainna Senjadialekt..):

Ja det e kjekt å bo i Dåfjorden, men vi må nok stå på godt
førr samhold og førr utvikling, og stelle med det vi har fått!
Og æ håpe dennan banen vil skape mykje idrettsglede
og at den bli flittig brukt av alle dæm som e tell stede.

GRATULERER ALLE SAMMEN, MED DAGEN OG MED EIN KJEMPEFLOTT BANE!

Ingressbilete: Rune Helland leia opningsfesten. Foto: Toralv Røen