Ikkje noko å seie på frammøtet då eldredagen vart markert på Fitjar Vidaregåande Skule i ettermiddag. Pensjonistane fekk med seg kåseri av Inger Karin Larsen Nerheim som fortalte fascinerande om Skånevikprosjektet. Vidare kunne dei  lytta til nydeleg musikk av Odd Larsen og Terje Pletten – og kose seg med med både maten og det sosiale laget. og då har me ikkje nemnd Per Drønen, som utanboks, og på ein glimrande måte, deklamerte heile "Terje Vigen".