Ove Heradstveit med avhandlinga si. Foto: Privat.

Fitjarbuen Ove Heradstveit forsvarte i går doktoravhandlinga si i psykologi ved Universitetet i Bergen.

I går var det ein stor dag for ein av dei fremste akademikarane frå Fitjar, psykologen Ove Heradstveit. Vakne fjernsynssjåarar hugsar han kanskje frå skjermen i fjor vinter. Då nådde han nemleg finalen i Forskar Grand Prix (FGP), som blei vist på NRK2 i slutten av januar.

Temaet for doktorgradsarbeidet til fitjarbuen er Ungdom som rusar seg: psykiske vanskar og skuleproblem. Den fullstendige tittelen på ph.d.-avhandlinga lyder slik: «Alcohol and drug use among adolescents. School-related problems, childhood mental health problems, and psychiatric diagnoses».

I avhandlinga si påviser den utflytta fitjarbuen ein klar samanheng mellom rus og dårlege skuleprestasjonar. Han er oppteken av at ungdom med rusproblem blir plukka opp for seint, og han vil ha meir rusførebygging i skulen.

– Dei som rusar seg, gjer det dårlegare på skulen. Det ser vi både på karakterar og på fråværet. Det var ei stadfesting på noko ein kunne anta, men som måtte undersøkjast for å kunna slå det fast, seier Heradstveit.

Han har fått bekrefta at å rusa seg slår ut i skuleproblem, ikkje berre hos ungdom som ein kanskje skulle venta, men også hos ressurssterk ungdom. Derfor er det viktig med førebyggingsinnsats mot rus til heile gruppa av ungdom i vidaregåande skule.

Den andre studien som utgjer doktoravhandlinga, handlar meir spesifikt om kven som får rusproblem. Det viser seg at barn med åtferdsproblematikk ofte får problem med rus, og ein bør setja inn meir spissa førebygging mot denne gruppa. Dette bør skje tidlegare, allereie når vi ser at barn har åtferdsproblem, og det ser vi ofte tidleg. Her må vi gjerne inn med hjelpetiltak overfor foreldre, seier Heradstveit.

I den tredje studien viser Heradstveit korleis psykiske lidingar i ungdomstida slår ut i rusproblem. Å ha psykiske lidingar set deg i risikosona for rusproblem, understrekar den ferske dotoranden.

- Annonse -

Heradstveit fortel at det har vore interesse for studien hans frå media, og TV2 har hatt eit innslag nyleg. Seinast no i januar fortalte han om denne studien i samband med at han bidrog med kompetansen sin på skular i Bergen. Blant anna var han med på eit stort foreldremøte for fire vidaregåande skular i Bergen.

No er den utflytta fitjarbuen glad over at disputasen gjekk så fint. Dei to opponentane var rusforskaren Marloes Kleinjan frå Nederland og professor Tilmann von Soest frå Universitetet i Oslo. Begge er dyktige forskarar, og disputasen blei ein god oppleving for den ferske doktoranden frå Fitjar.

Meir om doktorgradsarbeidet til Ove Heradstveit finn du på denne lenkja til Universitetet i Bergen.

Ove Heradstveit med velfortente bloma etter disputasen på psykologisk fakultet fredag 1. mars. Foto: Privat.

Etter det me kjenner til, er han den sjuande doktorgradskandidaten frå Fitjar, etter Bjørn Tore Lunestad (mikrobiologi), Bjarte Stubhaug (medisin), Katharina Tufteland (molekylærbiologi og bioinformatikk), Wenche Andersen Helland (logopedi), Ann-Kristin Helland Gujord (læring av norsk som andrespråk) og Liv Inger Engevik (spesialpedagogikk).

I dette fine selskapet tek me gjerne med dr.med. Gry Sandvik Haaland òg. Ho kjem frå Lysekloster, men foreldra er Inger Sandvik og Svein Haaland frå Fitjar. Om det er fleire fitjarbuar som har passert dette akademiske nålauga, «under radaren» vår, set me sjølvsagt pris på å få tips om det.

Ove Heradstveit (f. 1980) er utdanna psykolog ved Universitetet i Bergen (2008), og er spesialist i klinisk samfunnspsykologi (2017). Han er fødd og oppvaksen på Fitjar, men bur no på Sotra.

Doktorgradsarbeidet er finansiert av Samarbeidsorganet for Helse Vest, og arbeidet med avhandlinga er gjort ved RKBU Vest, Uni Research Helse (i dag: NORCE) og Institutt for samfunnspsykologi, i samarbeid med Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest (KORFOR) og Folkehelseinstituttet i perioden 2015 til 2018.