Om nokon såg at det sivde røyk ut av «Rydlandhuset» ved Fitjar Fjordhotell i sentrum i kveld, skal dei vite at det var berre øving. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Og ikkje berre øving. Dette er ei svært viktig øving for oss, sa brannsjef Tore Nesbø, på åstaden til fitjarposten.no.

Nesbø fortel at dei fylte huset, som skal sanerast, med røyk, slik at mannskapane i Fitjar Brannvesen skulle få naudsynt øving i røykdykking. Det fekk dei òg. Røyken var så tett i huset at ein såg absolutt ingen ting. 

Men brannfolka gjekk inn, utførte sine oppgåver – og fekk på denne måten testa utstyret sitt òg.

Veldig bra, synest me.

Øving i røykfylt hus. F.v. Ronny Korneliussen, Frode Kloster og brannsjef Tore Nesbø. Foto: Håkon C. Hartvedt