På tur sørover frå Sæterbø hin dagen kom Fitjarposten over mange spennande dyrespor, blant dei den karakteristiske sklia som oteren er kjend for å laga på si vandring.

No har me hatt bilete av sklia til gjennomsyn hos naturfotograf og forfattar Jan Rabben på Stord. Han slår fast at det er ingen tvil; dette er oterspor! Han fortel at slike kraftige skliespor er det berre oteren som lagar. Til samanlikning ville ein mink laga ei mykje smalare sklie, som etter ei lita brusflaske. Dei markerte gropene på kvar side av sklia blir laga ved at oteren drar bakføtene etter seg, fortel Rabben.

I fjor blei det observert ei otersklie lenger nord i Fitjarfjellet, og det er berre eitt av fleire tydelege teikn på at oteren er på veg tibake etter å ha vore borte i fleire tiår. Jan Rabben har skrive om forholdet mellom oter og mink i den siste boka si, Frå Sirahavet til Seljestad.

– Dei første minkane som etablerte seg i naturen vår, rømde frå ein minkfarm i Brandasund i 1930, fortel Rabben her. I åra som følgde spreidde minken seg med rekordfart, og under krigen blei det fanga fleire tusen mink i Sunnhordland. Etter at oteren har vore borte i fleire tiår, er den no tilbake for fullt. Samtidig har talet på mink gått merkbart ned. I boka si refererer Rabben til ein interessant hypotese om årsaka til dette:

«Paradokset er at då villminken i si tid spreidde seg, var det oteren som forsvann; no skjer altså det motsette. Ein hypotese er at dei første minkane som rømde, kan ha hatt med seg ein sjukdomssmitte som ikkje var livstruande for dei sjølve, men som slo ut andre mårdyr, som oteren. Etter nokre tiår med seleksjon kan også oteren ha blitt motstandsdyktig, og når desse to artane på nytt møtest i same leveområde og med lik matsetel, dreg minken det kortaste strået – men utan at han forsvinn heilt.»

Fitjarposten oppmodar lesarane sine om å ha augo opne både for otersklier og andre spanande spor i naturen.

anabolen pillen