Gurid Refvik og koret øver på nydelege «Slipsteinsvalsen» av Alf Prøysen. Foto: Ingrid Hovstad/Fitjarposten

– Me synest det er viktig å visa fram Prøysen og Bye sine meir ukjende songar, og ein vil under den kabareten ikkje berre få høyra dei songane som vert spela mest på radioen.

Av: Ingrid Hovstad

I korridorane på Fitjar kultur og idrettsbygg høyrar Fitjarposten sin utsendte flott song laurdag ettemiddag. Lydane kjem i frå kultursalen der Osternes mannskor øver inn sin femte kabaret.

Dirigent Ole Christian Ottestad leiar øvinga med eit blikk for smådetaljar. Her skal det terpast, og alt skal stemma til framvising neste helg.

Årets produksjon har fått namnet «Søndagsposten» etter radioprogrammet med same namn. Det populære programmet var på lufta frå 1957 til 1979, men fekk ogso nytt liv mellom 87-88 og 1995-2002. Koret vel denne gongen å heidra Alf Prøysen og Erik Bye som lenge var faste medlemmar i programmet.

Osternes mannskor skildrar desse to som gigantane i radioprogrammet, og som to individ som har gjort mykje for norsk visekunst. Koret kjenner publikumet sitt, og veit at mimrestoff som dette treff godt.

– Me synest det er viktig å visa fram Prøysen og Bye sine meir ukjende songar, og ein vil under den kabareten ikkje berre få høyra dei songane som vert spela mest på radioen, fortel dirigent i koret Ole Christian Ottestad Han legg vekt på at tekstane til Prøysen og Bye gjev ein fin balanse mellom humor og alvor.

Kjell Haavik (t.v.) og Alf Træet testar kostyma, medan dei øver på «Tango for to» av Alf Prøysen. Foto: Ingrid Hovstad/Fitjarposten

Ein treng ikkje vera lenge på øvinga før ein skjønnar at dette er ein gjeng som likar å syngja, og som trivst i selskapet saman med dei andre i koret. Truleg er det ogso difor denne gjengen ikkje vert lei av arbeidsmengda som ligg med i slike store produksjonar.

- Annonse -

Gjengen øver vanlegvis på tysdagar, og seier dei gjerne vil ha fleire medlemmar med. Dei kan røpa til Fitjarposten sin utsending at kabareten eigentleg skulle setjast opp før jul, men dei var ikkje nøgde til dess. Kvalitet er det viktigaste når denne gjengen jobbar saman. Svein Tørnquist, korets faste arrangør, fortel oss at dei har jobba med denne produksjonen i over eit år.

– Koret trivst med store produksjonar som kan jobbast med over lang tid. Slikt vert det kvalitet av, seier formannen i koret, Karvel Strømme. Han seier dei er utruleg heldige som har dyktige Svein Tørnquist og Ole Christian Ottestad med seg.

– Dei er begge uvurderlege for koret!

Osternes mannskor i full sving med øvingane. Foto: Ingrid Hovstad/Fitjarposten

Kabareten vert vist 25. og 26.januar. Publikum kan forventa seg eit stort program, med nesten 30 songar. Det vert ogso allsong, for dei i publikum som vil vera med å syngja sjølv. Ottestad skryt over fitjarbuen, og fortel at folk er flinke til å vera med på allsongen. Koret har med seg eit dyktig band med Heine Helland på bass, Harald Rydland på trekkspel, Terje Træet på slagverk, Svein Tørnquist på tangentar og dirigent Ottestad på saksofon. Koret har ogso med seg Gurid Refvik som solist. Dette vert fjerde kabareten ho er med Osternes mannskor på.

– Eg seier ofte til folk at eg er med i eit mannskor, fortel Refvik, som gjev mannskoret det vesle ekstra på delar av programmet deira.

Alle som har høyrt på Osternes mannskor før veit at koret plar levera varene. Deira førre kabaret «Norge-rundt» gjekk folk «mann av huse» for å få med seg, og me tvilar ikkje på at det ogso neste helg vert ein fullsatt kultursal gjengen møter når dei går på scena.