Nesten 400 menneske har funne vegen til Kultursalen for å lytta til og hylla 80-årsjubilanten denne helga.

– Spenningen er enorm mellom publikum og oss, sa Karvel Strømme mellom anna då han ønskte velkommen til jubileumskonsert. – Det skal bli en gnistrende forestilling. Dirigent Ole Christian Ottestad reflekterte over åra sidan 75-årsjubileet, og fortalde korleis konserten var bygd opp med utdrag frå tidlegare, vellykka framføringar. Songane i første bolk var frå kabareten Dæ mann for eit kast før temaet med religiøse songar starta med ein Tomas Kleppe-song. Det er mektig å høyre Martin Hatlevik syngja Jag har hørt om en stad ovan der. Siste avdeling vart innleia med sju viser av Tora Vestbøstad og utdrag av «Ønskekonserten» som var ein del av kabareten i fjor. Til avslutning måtte det sjølvsagt bli Så lenge gutta kan stå. Me er visse på at Osternes Mannskor vil halde fram i åra som kjem, med sin dyktige dirigent, flinke songarar og ikkje minst Svein Tørnquist som akkompagnatør og arrangør. Kor og orkester meistrar ei fin blanding av alvor og skjemt, både i religiøse songar og viser.
Karvel Strømme fekk rett då han sa at det skulle bli ein gnistrande konsert. Publikum kosa seg, nikka gjenkjennande og lo etter kvart som gode, gamle songar og viser vart framførde. Orkesteret, Heine Helland, Terje Træet, Steinar Vik, Harald Rydland og Svein Tørnquist gjorde også sitt til at det vart ein flott konsert. Det same gjeld gjeste-vokalistane Ann-Sofie Drønen, Gurid Refvik og Torhild Lunestad.
Ordførar Wenche Tislevoll gratulerte Osternes Mannskor med jubiléet og takka for ein flott konsert.

Ingressbilete: Fjernsynsvisa til Tora Vestbøstad vart sungen av andretenorar. Foto Turid Sandvik