Etter ein tvers gjennom vellukka konsert , heldt Osternes mannskor fram med 75 års jubileumsfest i lokala til Fitjar camping.

Osternes mannskor sin 75 års jubileumsfest.

Etter ein tvers gjennom vellukka konsert, heldt Osternes mannskor fram med

75 års jubileumsfest i lokala til Fitjar camping.

Om lag 50 gjester storkoste seg med god mat, talar og helsingar, underhaldning, og ikkje minst høgtidlege seremoniar. Festleiar var Arvid Refvik, og han hadde eit trygt grep på programmet frå start til slutt.

Hermann Inge Aadland, som sjølv har vore medlem i Osternes mannskor, var hovudtalar.

Han la ikkje skjul på at han var ein varm tilhengar av korsong, og han fekk tydeleg fram kva songen kan ha  å seia for oss menneske.

Det var helsingar frå Sparebanken Vest, Fitjar ved banksjef Ingrid Vestbøstad, Mannskoret Havdur på Bømlo, ved Nils Gunnar Gloppen, opprinneleg Fitjar-gut, og  frå Leirvik Mannskor ved Nils Audun Gerhardsen,også han med slekta si i Fitjar, og

Sissel Hauge Larsen hadde helsing frå Songlaget Stordabuen.

Martin Hatlevik song spesialskriven vise om koret, skrive av John Abotnes, til tone av Leonard Cohen, og Tom og Harald Rydland framførte visa ”Stubb” av Jacob Sande.

Med  velskriven tekst og flott tale, fekk Harald Johan Sandvik fram særtrekka ved koret sine

4 dirigentar gjennom 75 år, og gullkorna frå noverande dirigent, Ole Chr. Ottestad, kom på løpande band, og fekk forsamlinga til å skrattle . Her var tydeleg noko dei ”hadde hørt før”!

Så kom dei ”høgtidlege seremoniane”: 90 års jubilanten Gudmund med Kongens fortenestemedalje på brystet, og 80 års jubilanten Karl blei gratulert med dei store dagane.

Lars Sandvik, som er like gammal som koret, var allereie blitt feira i Peraløo.

Harald Skumsnes blei hedra for utruleg lang teneste som formann og styremedlem i koret,og i løpet av formannstida si  styrte han koret gjennom både 50 og 60 års jubilea.

Til sist kalla noverande formann, Karvel Strømme, fram 5 staute kor-veteranar. Alle fem fekk utdelt Norsk Korforbund sin heidersmedalje og diplom for lang og trufast teneste for korsongen. Dette var: Gudmund Gloppen, Mikal Hageberg,Karl Gloppen,Lars Sandvik og Harald Johan Sandvik. Alle har  minst 40 års medlemskap, ja, Gudmund heile 75 år, for han har vore med siden stiftinga i 1934 !Dette er heilt eineståande i kor-samanheng i heile landet !

Jubilanten Gudmund Gloppen avslutta festen med takketale og opplesing av sin eigen prolog, skriven til 30 års jubileet, og han la til slutt inn nokre vers heilt fram til dagens jubileum.

Mottoet var: Om alt forandrar seg, både koristane sjølve og alt rundt dei, så vil Osternes mannskor bestå og vera ein kulturberar også i framtida!

Karvel Strømme