D/S "Oster" er no, etter å ha blitt dregen av grunnen ho sto fast på, komen fram til Dåfjorden der ho skal på slipp. -Me held no på med å få båten opp på land. Men når det gjeld skadeomfanget, må me vente til i ettermiddag før me kan seie noko sikkert om det, opplyser Steinar Andersen ved Dåfjorden slipp til fitjarposten.no