Galleri Guddal i Rosendal feirar 25 år med ei stor jubileumsutstilling, og Fitjar-kunstnarane Leif Hedman og Helge Haaland er blant utstillarane.

Rundt 300 kunstinteresserte gjester møtte opp på tunet til Gøril Guddal i Rosendal då galleriet hennar opna jubileumsutstillinga denne helga. Ordføraren i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø, heldt opningstalen.

Blant dei sju utstillarane som galleristen har funne plass til, finn me blant andre den kjende arkitekten og kunstnaren Morten Molden, og vår eigen Leif Hedman, saman med parhesten Helge Haaland.

Leif Hedman fortel til Fitjarposten at han fekk tilbod om å stilla ut i stallen i klyngjetunet til Gøril Guddal i sommar:

– Dette rommet er ditt, sa galleristen til den glade Fitjar-kunstnaren.

Til utstillinga har Hedman laga to tablå som heng frå taket. Det er to skulpturar som er laga spesielt til dette rommet, og kvar av dei heng i fire trådar frå det låge taket i stallen. Dei er laga av stål, eit materiale som Hedman arbeider mykje med. Han bruker ofte gamle traktorreiskapar til råmateriale.

Helge Haaland har vore med på heile prosessen, som begynte for rundt to månader sidan. Den kjende musikanten frå Synningjo har laga lyd spesielt til dei to tablåa. Dette har han gjort ved å ta opp ymse lydar som han har manipulert på ulike måtar, slik at dei høver til skulpturane. Lyden er spela inn på MP3, og spelaren går kontinuerleg 24 timar i døgeret i stallen.

Kunstverket har fått namnet «Ved diktets port», fortel Hedman. Tittelen viser til punktet der du går frå den verkelege verda og inn i diktet eller fantasien, legg han til.

- Annonse -

Hedman fortel at tablåa er til sals, men han reknar ikkje md at dei er lette å selja, spesiallaga som dei er til stallen ved Galleri Guddal. Men han vil etter kvart laga fleire skulpturar som skal stillast ut i det kjende galleriet i Rosendal, og dei vil vera meir retta mot sal.

Skulpturane hans kan du sjå nærmare på jubileumstustillinga, som er open i helgene fram til 22. desember. Om vinteren er galleriet stengt, men Hedman vil vera på plass att med nye ting til påske neste år.

Skulpturane heng frå det låge taket i stallen. Foto: Privat.